Velkommen til HIFO
Velkommen til nettsidene til Den norske historiske forening (HIFO). HIFO er en organisasjon for historikere i Norge, og arbeider for historieforskning og historiefagets plass i samfunnet. Mer informasjon om de ulike arbeidsfeltene våre finner du her.

Ledige stillinger ved Høgskulen i Volda

hvologo_hoved_horisont_svart_digitalt

 

 

 

Førsteamanuensis i tidleg nytidshistorie – st. nr. 5/2017

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda er det ledig ei fast heiltids stilling som førsteamanuensis i tidleg nytidshistorie frå 1.1.2018.

Historisk institutt tilbyr forutan emne på grunnnivå, skiftevis 15-studiepoengsemne på fordjupingsnivå i globalhistorie, spansk historie, norske kystsamfunn og lokal-, familie og mikrohistorie. Instituttet tilbyr saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit mastergradsstudium i Kulturmøte.

Den som blir tilsett i stillinga, skal ta del i den ordinære undervisninga, samt rettleiing av studentar i tidleg nytids norsk og internasjonal historie (ca. 1550-1870). Søkarar må ha praktisk pedagogisk utdanning eller høgskule/universitetspedagogikk. Avdeling for samfunnsfag og historie legg stor vekt på studentaktive læringsformer.

For stilling som førsteamanuensis i tidleg nytidshistorie blir det kravd norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapelege arbeid av same omfang og kvalitet. Søkarane bør ha hovudtyngda av forskinga si på 1600- og 1700-talet. Fagleg nettverk og personleg erfaring med utvikling av forskingsprosjekt er ein fordel.

Meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/133792/foersteamanuensis-i-tidleg-nytidshistorie-st-nr-5-2017

 

Søknadsfrist: 20. mars 2017

 

Høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis i tidleg nytidshistorie – st. nr. 4/2017

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda er det ledig eit engasjement i heil stilling som høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis i tidleg nytidshistorie frå 1.8.2017 til 31.7. 2018, med ei mogleg forlenging av engasjementet.

Historisk institutt tilbyr forutan emne på grunnnivå, skiftevis 15-studiepoengsemne på fordjupingsnivå i globalhistorie, spansk historie, norske kystsamfunn og lokal-, familie og mikrohistorie. Instituttet tilbyr saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit mastergradsstudium i Kulturmøte.

Den som blir tilsett i stillinga, skal ta del i den ordinære undervisninga, samt rettleiing av studentar i tidleg nytids norsk og internasjonal historie (ca. 1550-1870).

For stilling som høgskulelektor blir det kravd mastergrad i historie, og for førsteamanuensis i historie norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapelege arbeid av same omfang og kvalitet. Søkarane bør ha mykje av forskinga si på 1600- og 1700-talet.

Meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/133751/hoegskulelektor-foerstelektor-foersteamanuensis-i-tidleg-nytidshistorie-st-nr-4-2017

 

Søknadsfrist: 6. mars 2017.

Stengt for kommentarer.

Den norske historiske forening (HIFO)
Institutt for historie og religionsvitenskap
Universitetet i Tromsø
9037 Tromsø
Kontakt: post@hifo.no